INFORMASJON FRÅ FAU

 

Til alle foreldre

 

Det lakkar og lir mot jul. Den første snøen har kome, og forsvunne. Vinteren er i anmarsj. Dagane i haust har floge av sted, og det sittande styret, konstituerte seg i november. Dette er litt seinare enn tidlegare år, og ønskjeleg.

 

            Leiar: Hjørdis Ingebrigtsen (skolen)

 

            Nestleiar: Gunhild Bjørnmelen (skolen og barnehagen)

 

            Styremedlem: Per Bjørn Munkeby, Cissi Anhanger (barnehagen og skolen)

 

            Sekretær: Ragnhild Strand (barnehagen)

 

            Vara: Elisabeth Fagerli (skolen) og Jenny Mathisen (skolen)

 

Kva er FAU? FAU er eit lovpålagt organ, og er ei forkorting av Foreldrenes Arbeidsutval. FAU har eit hovedstyre med fem medlem, og foreldrerepresentantar som utgjer eit arbeidsutval. FAU er ei stemme frå foreldra, til oppvekstsenteret. Ei stemme som skal arbeide tett med rektor og styrer i barnehagen. I tillegg arbeider FAU med å arrangere evenement, for og med, elevar, barn, tilsette og foreldre. Vi arbeider for trivsel mellom elevane og heimane.

 

“På kvar grunnskole skal det vere eit foreldreråd der alle foreldre som har barn i skolen, er medlemmer. Foreldrerådet skal fremje fellesinteressene til foreldra og medverke til at elevar og foreldre tek aktivt del i arbeidet for å skape godt skolemiljø. Foreldrerådet skal arbeide for å skape godt samhald mellom heimen og skolen, leggje til rette for trivsel og positiv utvikling hjå elevane og skape kontakt mellom skolen og lokalsamfunnet”

 

(https://lovdata.no/dokument/NL/lov/1998-07-17-61#KAPITTEL_13)

 

 

 

Alle klassekontaktar utgjer arbeidsutvalet. Alle klassekontaktar har ansvar for kvart sitt/sine arrangement. Klassekontaktane har ansvaret for all planlegging i forkant av arrangementet, og gjennomføringa. Styret i FAU bidrar med informasjon, og som støtte. Vedlagt finn du ein oversikt over klassekontaktar/foreldrekontaktar (arbeidsutvalet) ved oppvekstsenteret.

 

 

 

 Ikkje alle skolar og oppvekstsenter, har så mange aktivitetar i regi av foreldre, som vi har oppi Inndalen. Dette skal vi vere stolte av, alle. Og vi må alle bidra. FAU nyttar samfunnshusdelen flittig, og nytt av året er eit samarbeid med bygdelaget om rundvasking av “huset”. Saman blir vi fleire, og det kjem ongane til gode. Dette er det klassekontaktar (ikkje vara), saman med styret i bygdelaget, som skal gjere. Innkalling kjem.

 

 Vi håpar på eit godt samarbeid, også resten av skuleåret. Ikkje nøl med å ta kontakt om du lurer på noko vi arbeider med, ønskjer å bidra, eller vil kome å ta ein kaffekopp under eit møte. Styret har møte den første onsdagen i kvar månad.

 

Riktig god jul, og eit godt nyttår.

 

 

 

Helsing frå styret i FAU